Den første rutebilen i landet - i rute mellom Tretten og Ringebu

Den første rutebilen i landet, en fire hestekrefters Benz Victoria Phaeton, gikk i rute fra Tretten til Ringebu fra 1896. (Opplandsarkivet avd. Maihaugen: A-00164 Arnfinn Engen)Ei tid etter at jernbanen vart opna til Tretten hausten 1894, kjøpte Gjøvig Støberi og Mekaniske Værksted ei bensindrive motorvogn frå Mannheim i Tyskland for kr 5000. Den hadde 4 hestekrefters motor og plass til fem reisande utanom vognførar og bagasje til dei reisande. Bilen kunne gå opptil 20 km i timen og klare en stigning på 1/10.

I juli 1896 vart det skipa eit andelslag, Aktieselskabet Norsk Motorvognkompagni, ”viss formål er at drive passager- og godsbefordring med motorvogne på landeveier”. Dette var det første rutebillaget i Norge. Vogna gjekk frå Gjøvik til Lillehammer for å settast i fast rute i Gudbrandsdalen. 31. juli 1896 skreiv bladet Gudbrandsdølen: ”Måndag aften var det almindelig valfart til Victoria hotells gaardsplass. Det var den frå Gjøvik ankommet motorvogn som alle ville beskue. Den saa forresten ikkje saa merkelig ud, omtrent som en anden vogn eller trille. Dog var den noget mere sterkbygget, og hjulene var forsynt med gummiringe. Benzinmotoren og maskineriet, som forresten saa meget enkelt ud, var anbragt bagerst og næsten helt gjemt.”

Denne minnesteinen over den første rutebilen i Norge er plassert ved Tretten stasjon (Fotograf: Dagmar Buen © Fylkesarkivet i Oppland)Teksten på minnestein ved Tretten stasjon (Fotograf: Dagmar Buen © Fylkesarkivet i Oppland)

Vogna vart grundig prøvekøyrd, og det gjekk for det første riktig bra. Motoren putra og gjekk, og farten var riktig bra etter den tids målestokk. Og så vart vogna sett i fast rute mellom Tretten og Ringebu. Bilføraren var ein mekanikar frå Gjøvig Støberi. Men da det lei på, viste det seg at motoren var altfor veik, og det var svært vanskeleg å halde ruta. Vegen var også temmeleg dårleg og ikkje skikka for ei slik vogn. Og så vart hestane skremde av denne rare køyrekoppen, så ein måtte rett som det var stane for dei, og det vart snart store forseinkingar. For det første var folk nyfikne, men etter kvart vart denne skremelege farkosten mislikt. Den hadde ingen fordel, meinte mane, for ein kom faktisk fram løike fort med hesteskyss.

Men det var fleire som såg med velvilje på tiltaket. Dersom motorvogner med tid og stunder kunne greie å ta over meir og meir skyss og varefrakting, ville det bli ei stor lette både for fol og hestar.

Bilruta rusla og gjekk utover sommaren, men utpå hausten vart ruta nedlagt. Bilen kom på verkstad i Gjøvik og kom ikkje til Gudbrandsdalen att på lenge. Den hamna på Teknisk museum i Oslo. Men i 1971, da det vart feira 75-års jubileum for denne første bilruta, vart den frakta til Tretten for å køyre den same ruta som den gjorde sommaren 1896. Men det var så vidt den 77 år gamle bilen med fire hestekrefter greidde å humpe og gå over Tretten-brua og nordover riksvegen med direktøren på Teknisk museum som sjåfør og med fem passasjerar med bagasje.

Her kan du lese mer om, samt høre lyden av den første automobilen i Oppland.

Her finner du kilder og litteratur brukt i denne artikkelen.