Landevegslokomotivet Herkules

Rundt 1870 vart det gjort eit forsøk på å ta i bruk ny teknologi for å effektivisere transporten av folk og varer gjennom Gudbrandsdalen, men dette skulle etter kvart syne seg meir kuriøst enn effektivt. Det var ein sivilingeniør i Kristiania, W.L Rode, som hadde skaffa seg opplysningar om bruk av såkalla ”landevegslokomotiv”, eit dampdrive lokomotiv med ei vogn bak som kunne køyre på vanlege vegar, altså utan skinner slik som på jernbanen. Slike lokomotiv var tatt i bruk i Skottland, der dei hadde synt seg å vere eit tenleg og billig framkomstmiddel både for folk og varer. Med slike landevegslokomotiv skulle ein, etter det som ingeniør Rode skreiv i søknaden sin om å få løyve til å sette i gang drift, kunne køyre på mindre gode vegar med ei stigning på 1:10, og utan last til og med så bratt som 1:4. Dei kunne gå 1 ½ mil i timen, men her var det tanken å køyre berre 1 mil i timen. Landevegslokomotivet skada ikkje vegen, tvert imot – hjulringane var så breie at det synte seg at vegen hadde godt av slik køyring. På hjula var det lagt tjukke ringar av guttaperka for at lokomotivet skulle gå stille. Maskineriet arbeidde nesten utan støy, og røyk og damp forsvann lydlaust utan at ein kunne sjå det. Og alt dette skulle samstundes virke slik at hestane etter vegen ikkje vart skremde.

Landeveislokomotivet Herkules fotografert på Festningsplassen i Christiania før prøvedriften startet i 1871. (Maihaugens fotoarkiv - original hos Norsk Teknisk Museum)I Kristians amt var det tanken å få til ”et kombinert diligence og fragtkjørselstræn” frå Lillehammer til Sel, eller om mogleg til Dombås, med eit opp- og nedgåande træn dagleg og til fastsette tider. Det var også tanken å ha ei liknande rute frå Gjøvik om Odnes til Nord-Aurdal. Amtsformannskapet rådde samrøystes til at det vart gitt kongeleg løyve til drift. Med så billig skyssbetaling som det her var snakk om, 24 à 30 skilling mila på 1. plass og 16 à 20 skilling på 2. plass, kunne ein spare både stat og kommune for store utlegg til faste skysstasjonar. Søknaden frå Rode vart innvilga i 1871. Men det vart ingen forandring i det faste skysshaldet med det første.
 Frå midt i juni 1871 skulle lokomotivet, som fekk namnet ”Herkules”, settast i fast rute mellom Lillehammer og Laurgard i Sel. Lenger opp var det ennå ikkje tilrådleg å køyre. Det skulle vere avgang frå Lillehammer kvar måndag, onsdag og fredag kl. seks om ettermiddagen, og frå Laurgard kvar søndag, onsdag og fredag kl. seks om morgonen.

Den første prøveturen var tenkt å gå mellom dampskipsbrygga på Lillehammer og opp til Bjørgevollen i Ringebu. Men det synte seg at lokomotivet brukte så mykje kol til fyringa at det måtte gjere vendereis ved Nordhove for å hente større forsyning. 
 ”Skilling-Magazin” skreiv om dette i 1871: ”Om en prøvetur som ”Herkules” udførte en af de første dage i august skriver en rejsende følgende: ”Efterat vi søndag formiddag havde været henne paa Vik, hvor vi besaa vaabensamlingen, og ved Zinclairs grav, kom Herkules dampende, og vi steg da ind. Umaadelig masser af folk vare paa benene, og de komiske scener, som vi da bleve vidner til, glemmer jeg aldrig. I Søthorp kirke var just gudstjeneste, men jeg tror, at kirken blev nesten tom, da alle sprang ud for at se. Fra Kvam af kom der en person løpende efter vognen, paa hans hele tilsnit kunde vi se, at han var skolemester. Han kom hen til konduktøren og vilde kjøre til Øier for 16 sk., men da dette kostet en mark, løste han knuden paa den meget praktiske maade, at han sprang med for de 8 sk. som han manglede, og derefter kjørte han meget stolt til Øier for sine 16 sk. At se denne mand rende efter vognen i spidsen for omtrent 50 børn med tungen langt ud af halsen, var et ubetalelig syn. Der manglede forresten ikkje passagerer. Saavel taget som coupéen var fuld, og fra Hundthorp maatte man endog placere passagerer paa godsvognen. Farten var meget behagelig, og det gikk ogsaa av og til hurtig, men da vi saa ofte maatte standse, dels for rejsende, som vi mødte, dels for at tage ind vand, var dog befordringen alt andet end hurtig i det hele taget.”

Herkules vart ikkje sett i regelmessig drift i dalen dette året da eigaren ville prøve å rette på ein del manglar. Men han meinte at forsøka med Herkules i Gudbrandsdalen ”have vist sig lovende, uagtet omstændighederne have stillet sig særdeles ugunstige”. I august same året vart lokomotivet frakta sørover att, men ikkje med eiga kraft. Det vart frakta med slepebåt frå Lillehammer til Eidsvoll og derifrå med jernbane til Kristiania. Til Gudbrandsdalen kom det aldri meir.

Her finner du kilder og litteratur brukt i denne artikkelen.