Vegar i Gudbrandsdalen

Langt inn på 1800-talet var sjølv hovudvegane i Noreg ganske primitive, ofte med bratte bakkar. Men frå midt på 1800-talet skjedde det ei systematisk ombygging av dei viktigaste vegane. Dette hadde samanheng med ei ny veglov som kom i 1851.
 Eitt døme på den store endringa som skjedde var omlegginga av vegen i Drivdalen slik at ein unngjekk den illgjetne Vårstigen og fekk ein flat veg langs Driva. Den nye vegen her vart fullført først på 1850-talet, og A. O. Vinje seier om den i 1860: ”No i dei siste åra er vegen lagd nedmed Driva og er derfor slett som ei fjøl, for no har folk lært, at vatnet er den beste mannen til å finna slettaste vegleia fram, medan folk i gamle dagar tok etter ku og geit, som krabba opp og ned i li og bakke.” Vinje gjekk den gamle Vårstigen: ”Eg tok den gamle vegen, eg, for å sjå den namngjetne Vårstigen, og eg må seia at det var den galnaste og styggaste allmannveg eg enno har fari på. Det er reint utruleg at folk kunne koma fram der køyrande, og at ikkje kvarannan mann vart ihelslegen av stein og skrede eller siglde til avgrunns i snø og svall haust og vår og vinters tider … Eg stod der på den styggaste kleiva svimrande høgt og såg ned på den nye vegen, som slengde seg som eit smalt band nedmed åa. Eg likna i hop den gamle og denne nye tid, og ingen stad har den gamle tid vist seg i mine augo så arm og villmannsleg mot den nye som nettopp her.”

Den same ombygginga av vegane skjedde i store delar av Gudbrandsdalen denne tida, og dette fekk mykje å seie for ferdsla gjennom dalen. Dette går fram av fleire offentlege utsagn denne tida: ”Med hensyn til hovedveiene er Gudbrandsdalen forsaavidt heldigst stillet. (…) Som følge av veienes betydelige forbedring er transportomkostningerne ogsaa faldne, og selvfølgelig mest, hvor veiene er mest lettede, altsaa i Gudbrandsdalen.”

Bildet viser første gangs asfaltering av Storgata i Lillehammer ca. 1930. Fra venstre: Sigvart Olsen (på veivalsen), Herman Larsen, Simen Antonsen, Johan Pettersen, Erik Simensen, Johannes Hansen, Ottar Hansen, Magnus Hansen, Laurits Andersen, Simen Olsen og Jon Granerud. (C) Maihaugen - Maihaugens fotoarkiv, SS31173.I ei reisehandbok frå 1882 står følgjande om vegen gjennom Gudbrandsdalen: ”Frå Listad til Laurgard er vegen mykje meir interessant enn i første delen av Gudbrandsdalen. Ein passerer fleire svært vakre fossar. Så langt som til Laurgard er vegen utmerka, og fint halden i stand. Somme delar viser førsteklasses ingeniørarbeid.” ”Frå denne stasjonen [dvs. Laurgard] til den neste (Brennhaugen) finst ein av dei beste og mest interessante vegane i Noreg gjennom Rosten, som er ei svært fin kløft, med klipper, og skog av furu og bjørk.”

For å unngå dei vanskelegaste vegpartia før vegen vart omlagt, var det rundt 1860 drive dampskipsrute på Losna med båten ”Dale-Gudbrand”. Men da den nye vegen kom, vart denne ruta nedlagt. Reiselivsmannen Yngvar Nielsen kommenterte dette: ”Saalænge den gamle vej med alle sine uendelige bakker, som endnu sees hist og her, blev benyttet, gikk der dampskib paa Losna; men dette instilledes efter anlægget af den nye vej. Det var ogaa ofte – navnlig ved lav vandstand i Losna – en vanskelig sag at navigere her oppe. En gang skal dampskibet, som hed ”Dale-Gudbrand”, have været helt oppe ved Hundorp paa Froen. Tilsidst blev det bragt ned i Mjøsen og anvendt til kuloplag.”
 Dei gode vegane vart eitt av vilkåra for ein livleg turisttrafikk gjennom Gudbrandsdalen i løpet av 1850-60-åra. Men eit anna vilkår var oppfylt tidlegare, nemleg det gode sambandet mellom hovudstaden og Lillehammer. Alt i 1840-åra kom det i gang dampskipstrafikk på Mjøsa, og den lange strekninga frå Eidsvollsbakken til Lillehammer kunne ein legge bak seg raskt og behageleg med eitt av dei mest moderne kommunikasjonsmidla som fanst i tida. Likevel galdt dette mest om sommaren, om vinteren kunne ofte is eller tåke legge hindringar i vegen for båtane. I 1852 segla dampskipet Dronningen frå Lillehammer kvar måndag, onsdag og fredag kl. 6 om morgonen, og frå Eidsvollbakken kvar tysdag, torsdag og laurdag kl. 5 om morgonen. I 1859 var det blitt dagleg samband, unntatt om søndagen. Dei båtane som gjekk var Skibladner, Færdesmanden, Dronningen og Jernbarden. I 1871 var det Skibladner og Kong Oscar som sørgde for trafikken. Frå hovudstaden til Eidsvoll var det frå 1854 jernbanesamband.

På grunn av dampskipsfarten vart vegen langs Mjøsa mindre viktig, mellom anna var Morskogsbakkane illgjetne, og vart først omlagde i 1920-åra.
Sambandet mellom Noreg og utlandet vart også i høg grad betra midt på 1800-talet. Frå 1840 dreiv det engelske selskapet Wilson regelmessig dampskipsfart frå Hull i England til Gøteborg og Christiansand. Frå først på 1850-talet kom enda eit selskap med i trafikken, og det vart også rute til Christiania. I 1852 oppretta eit norsk damskipsselskap fast rute til Hamburg. Dette regelmessige sambandet mellom Norge og utlandet må ha vore ein av føresetnadene for den utanlandske turisttrafikken i landet vårt, som rundt 1850 ennå berre var i startgropa. Engelskmennene var pionerar som turistar, og derfor vart rutene mellom England og Noreg så viktige.

Her finner du kilder og litteratur brukt i denne artikkelen.