Kven eig naturressursane?

Kraftledning

Frå dei eldste tider har det eksistert eit visst spenningsforhold mellom konge og allmuge om allmenne rettar i utmark og fjell. Under det dansk-norske styret på 1600- og 1700-talet og sidan etter 1814 var det utvikla eit rettsgrunnlag for forvaltninga av desse naturressursane gjennom statsallmenningar, bygdeallmenningar og lokale sameiger. På lokalt initiativ kom kravet om lokale fjellstyre til som ein del av forvaltninga.  

Gjennom hundreåra har kongen og bygdene, sidan staten og kommunane forvalta dei felles ressursane, stundom i harmoni, andre gonger med ulike syn. Det gjeld allmenningar, det gjeld jakt og fiske.  

Konsesjonslovene vedtekne av Stortinget tidleg på 1900-talet etablerte vasskrafta som ein nasjonal ressurs. Ressursen burde høyre til det nasjonale fellesskapet. Sidan låg 90 % av utbygd kraft på offentlege hender, stat, fylke og kommunar. I 1990 gjorde Stortinget vedtak om ei energilov som gjorde elektrisk kraft til ei handelsvare. I forhold til eigarskap og ein aukande grad av internasjonalisering blir det interessant å sjå kvar lokale krafteigarar blir ståande i energispørsmål. 

Det siste halve hundreåret med ei stadig større utnytting av naturen til industrielle føremål og fritidsbruk, vart det oppretta nasjonalparkar og verneområde ikkje minst kring Gudbrandsdalen. Det har vore ei ønskjeleg utvikling, men også ei utvikling som delvis har vore i motstrid med hevdvunne interesser i bygdene. 

Programmet kan lastes ned i pdf format her.

 

 

Bindende påmelding til Maihaugen - post@maihaugen.no eller telefon 61 28 89 00 innen 15. januar.

Oppgi:

Navn

Adresse evt fakturaadresse

Telefon, epostadresse

Særskilte matbehov

Seminaravgift kr 600 betales til konto: 1503 23 53824 - merk med Gudbrandsdalsseminaret og eget navn

 

Arrangører:
Oppland Fylkeskommune
Gudbrandsdalsmusea Gudbrandsdal Historielag