Kva er Gudbrandsdalen?
Med samanslåinga av fylka Hedmark og Oppland i 2020, reiste vi spørsmålet om kva Gudbrandsdalen er og skal vera i åra framover innanfor den nye fylkeseininga. Det same spørsmålet kan reisast om Gudbrandsdalseminaret, som i 2019 vart arrangert for tiande gongen.
«Flaumen går, i Noreg er vår», song folldølen Ivar Mortenson Egnund. «Sjå Lågen strøymer stor og brei frå Jotunfjellom», song frøningen Pål Kluften. Dette var naturlyrikk skriven til bondens og grøderikdomens pris. Olav Aukrust dreiv emnet vidare: «No ljosnar Gudbrandsdalen» er den første lina i ein song der han straks går vidare og skildrar dalen som ei brur. Dei tre diktarane var unge i eit nytt hundreår. Sangkor kringom i bygdene tok songane deira til brystet. Er dette noko meir enn uttrykk for romantiske stemningar i fortida?
Dei geografiske yttergrensene og den skrivne og fortalde historia er eit anna utgangspunkt i ein diskusjon om kva identitet er. Spørsmålet om å høyre til i eit distrikt vart drøfta under seminaret i 2019. Andre utgangspunkt finn vi i filosofien, i historia, i språket, i kunsten og i musikken. Vi spurde også kva impulsar som blir tilførte frå dagens unge og frå dei som kjem til dalen som gjester og innflyttarar.
Foredragene til Olav Brostrup Müller og Espen Finstad gjekk ut på grunn av sjukdom.










Bilder fra seminaret
(Alle foto: Torveig Dahl og Marit Hosar)





