Gudbrandsdalsseminaret 2021

Norge i 1000 år – Kulturmøte og endring

1000 år med ein kristna Gudbrandsdal

 

Hausten 1021 for vikingkongen Olav Haraldsson med sine hærmenn frå nord til sør gjennom Gudbrandsdalen. Føremålet var tosidig, kristne gudbrandsdølane og styrke si eiga makt i Norge. Den som ikkje bøygde seg for Olav sin
vilje, vart hardt straffa. Det var inga varsam kristningsferd folket i Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå, Sel og Fron opplevde. Det heile kulminerte i «klubbeslaget» på Hundorp. Da Olav fall på Stiklestad i 1030, reknar vi at heile landet var kristna.


I 2021 blir det markering av desse hendingane i alle kommunane i dalen, som endar med ei stor markering på Hundorp 29. juli 2021. Dette blir også tema for Gudbrandsdalsseminaret 2021. Her vil vi få foredrag om sogeforteljaren Snorre Sturlason og hans Heimskringla, om olavstradisjonen og reformasjonen, om kyrkjebygging i dalen og arkeologiske funn på Hundorp.

På olsokdagen i 1921 var det 900-årsjubileum på Hundorp med 5000 frammøtte, blant dei kong Haakon. Denne tida var det fleire liknande store nasjonale markeringar i Norge. Dette får vi også meir informasjon om. 
På seminaret vil dessutan alle historielaga i dalen orientere om sine lokale arrangement i jubileumsåret 2021.

 

Gudbrandsdalsseminaret er på Maihaugen onsdag 19. mai 2021

 

 

Last ned program for Gudbrandsdalsseminaret 2021